Les norsk Salve Håkedal, felespikker Read english

Tips og Triks

som kanskje kan vere nyttig for andre makere?

Barokk gripebrett

Mot slutten av 1700-tallet blei det vanlig å lage gripebrett av heiltre ibenholt. Før då var ibenholtbruken helst avgrensa til tynn finér på ei kjerne av lettere og billigere tre.
Her vil eg vise hossen eg lager eit barokk gripebrett:

Eit fint material for kjerna i gripebrettet er gran, og her har eg tatt eit fint rettvokst stykke frå eit lokkemne. Eg finérer det først på sidene med lønn.

Barokk/finert gripebrett

Så høvles og formes kjerna som eit moderne gripebrett, men med ei litt mindre krumming.
(Moderne radius: 42mm. Barokk radius f.eks.: 45mm)
Eit stykke ibenholt høvles ned til ca. 1,5mm, og skjæres til med litt overmål i breidda.

Barokk/finert gripebrett

To små triks er nødvendige for at det ikkje skal sprekke når det skal føye seg etter den krumma gripebrettkjerna:
- Eg runder det i endane (se bildet over)
- Eg fukter det på det som skal bli utsida slik at det krummer seg av seg sjølv før det legges mot gripebrettkjerna.

Nå trengs det 2 lister

Barokk/finert gripebrett

Med eit passande tau (og litt flaks/øving) kan nå finéren surres mot kjerna:

Barokk/finert gripebrett

Før surringa taes av, må finéren tørke over natta. Då vil den ha fått ei krum form som gjer resten av arbeidet mogleg.

Liming

Det skal brukes horn- eller hud-lim. Men det størkner før det er mogleg å surre finéren fast, så det må brukes ein litt spesiell framgangsmåte:
Smøre limet på gripebrettkjerna i ro og mak. Det kan gjerne størkne, men ikkje tørke. Så legges finéren på det klebrige limet, og tauet surres eit par runder i oversal-enden. Så holdes den enden av gripebrettet over kokande vann til limet smelter. Då kan det surres noen runder til, før ein gjentar.

Når det har tørka, kan kantar og underside formes til instrumentet.