Les norsk Salve Håkedal, felespikker Read english

Gamle feler av andre makere

Eg har laga noen kopier av gamle feler. Ein del av prosessen har vore å ta bilder av felene. Eg er ikkje alltid ein stor fotograf, men noen av bildene kan vere interessante.

Torleiv Frøysaa 1920

Rundt 1990 laga eg ein kopi av ei Frøyså-fele frå 1934. I den tida tok eg ikkje bilder og det var vanskelig å måle tjukkelser. Her er eit nyare bilde av ei anna Frøyså-fele som er 14 år eldre. Frøyså hadde endra lite på forma, så ho er nesten kliss lik den eg kopiera. (Bare at denne har fått innsatt ein femte understreng.)

Torleiv Frøysaa 1920

I staden for å ta bilder då, teikna eg av fela så nøye eg kunne, for å ha ei arbeidsteikning. Om du lager feler sjøl, kan du få eit ark. Her er 2 utsnitt av teikninga. (Skannaren min tar ikkje heile arket.) Teikninga er i full skala, og har den yttre forma såvel som rose- og innleggs-mønsteret. Men som nevnt: ikkje tjukkelser.

Teikning av Frøysaa-fele Teikning av Frøysaa-fele