Mot slutten av 1700-tallet blei det vanlig å lage gripebrett av heiltre
ibenholt. Før då var ibenholtbruken helst avgrensa til tynn finér på ei kjerne av lettere og billigere tre.
Her vil eg vise hossen eg lager eit barokk gripebrett:
Eit fint material for kjerna i gripebrettet er gran, og her har eg tatt eit fint rettvokst stykke frå eit lokkemne. Eg finérer det først på sidene med lønn.
Så høvles og formes kjerna som eit moderne gripebrett, men med ei litt mindre
krumming.
(Moderne radius: 42mm. Barokk radius f.eks.: 45mm)
Eit stykke ibenholt høvles ned til ca. 1,5mm, og skjæres til med litt overmål i
breidda.
To små triks er nødvendige for at det ikkje skal sprekke når det skal føye seg
etter den krumma gripebrettkjerna:
- Eg runder det i endane (se bildet over)
- Eg fukter det på det som skal bli utsida slik at det krummer seg av seg sjølv
før det legges mot gripebrettkjerna.
Nå trengs det 2 lister
Med eit passande tau (og litt flaks/øving) kan nå finéren surres mot kjerna:
Før surringa taes av, må finéren tørke over natta. Då vil den ha fått ei krum
form som gjer resten av arbeidet mogleg.
Det skal brukes horn- eller hud-lim. Men det størkner før det er mogleg å surre
finéren fast, så det må brukes ein litt spesiell framgangsmåte:
Smøre limet på gripebrettkjerna i ro og mak. Det kan gjerne størkne, men ikkje
tørke. Så legges finéren på det klebrige limet, og tauet surres eit par runder i
oversal-enden. Så holdes den enden av gripebrettet over kokande vann til limet
smelter. Då kan det surres noen runder til, før ein gjentar.
Når det har tørka, kan kantar og underside formes til instrumentet.