Les norsk Salve Håkedal, felespikker Read english

Tips og Triks

som kanskje kan vere nyttig for andre makere?

Eigenvekt

Ulike metodar kan brukes for å finne ut eigenvekta til eit emne:

For eksempel:
Hold emnet laust med eine enden ned i ei bøtte med vann og mål kor langt ned emnet sank. Viss det er jamtjukt, og det sank ned f.eks. 40% av lengda si, veier det 400g/liter. Men viss det ikkje er jamtjukkt må du dyppe andre enden au og reknestykket blir meir innvikla. I tillegg er kanskje første enden blitt blaut?

Ein anna metode, som fungerer er å måle emnet så godt ein kan og veie det. Viss emnet har bare plane flater, kan ein måle på midten i alle 3 retningar for å rekne ut rommålet. Så kan ein dele vekta på rommålet og få eigenvekta. Men ofte er flatene uregelmessige, så ein må vurdere kva som er rette mål. Skjemaet og bildet under bør vere til hjelp.

Bruk verdiar i gram og millimeter i felta under.
Viss du bruker desimal: skriv punktum i staden for komma.

Vekt A B C D
Eigenvekt = 0
Målepunkt