Salve Håkedal, fiolinmaker

Read Read english
Snekke

Setesdalsfele

I Setesdalsområdet har fele som folkeinstrument vore i bruk heilt frå 1700- talet. Hardingfeler med understrenger kom også tidleg i bruk. Frå midten av 1800-talet blei den moderne hardingfela etter kvart det vanlege instrumentet.
Men ikkje alle lika den betre. Kanskje hadde ikkje alle råd til å kjøpe ei slik hardingfele, heller! Ei løysing kunne då vere å sette ein hals med plass til understrenger på ei flatfele.

I 1988 spurde Vidar Lande om eg ville lage ei ny fele med fiolinkropp, men med understrenger, stol og strengelengde som ei hardingfele, - udekorert og med krøll i staden for drake.
Resultatet blei ei fele med mest hardingfelepreg, men også eigenskapar frå flatfele. Den høvde godt til setesdalsslåttane, og kan kanskje kalles "setesdalsfele".