|
|
Salve Håkedal, fiolinmaker |
Read |
5+5Dan Trueman såg ei 5-strengs setesdalsfele eg hadde laga for Vidar Lande. Den fela var som ei vanleg setesdalsfele, bortsedd frå at den var blåst opp i breidda. Dan ville ha meg til å lage noe liknande, men med feitare lyd. Og den måtte helst vere grei å bruke saman med fiolin.. Då blei denne fela til. Kroppen er breiare og lengre enn ei 4-strengs setesdalsfele, og strengelengda er som på fiolin. Dermed kan ein stemme den i A, uten at det blir for slakkt, sjølv om ein vel å bruke vanlege hardingfelestrengar.
Stemmeskruane har utveksling, så finstemmer(e) er ikkje nødvendige.
Etter å ha bruka den i noen månader, gjorde Dan 2 opptak for å demonstrere
dynamikk og klangfarge i fela.
Han spelte inn:
Duncan
Ways
of the Underworld For opptaka var fela rigga med hardingfelestrenger tjukkleik 11 og Pirastro Chorda bratsj C for 5te strengen, og spelt med barokkbue laga av Michel Jamonneau.
Dan Trueman and Caoimhin O Raghallaigh spiller 5+5-ene deres. I midten står Brendan Begley "This is how we fly" |