Les norsk Salve Håkedal, felespikker Read english

Hardingfele

Salve Håkedal hardingfele

Røstad er vel mitt største forbilde, men eg prøver å få til ting insprirert av andre makere, au. Eg gjer dekoren forholdsvis enkel. Vil heller bruke tida på å lage fleire feler.

Eg bruker stemmeskruer med utveksling (Wittner) som er lette å stemme.
Slem løve og snille stemmeskruer med utveksling


Udekorera hardingfele (setesdalsfele)

Udekorert hardingfele / setesdalsfele 2017

I 1988 ba Vidar Lande meg lage ei hardingfele uten rosing og perlemor og med fiolinform på lokket og lydhola og krøll istaden for løve/drake. Men elles som ei vanleg hardingfele: same hals og strengelengde, og med understrenger. (Vidar ville ha heile 6 understrenger.) Han føreslo å kalle ho for "setesdalsfele", då han meinte den passa godt for setesdalsslåttar. Hardingfela er tolleg ung i Setesdal, og slåttane er kanskje fortsatt litt prega av fiolin?
Seinare har eg forstått at f.eks. Per Hardestam allerie hadde laga omtrent det samme i Sverige utan å bruke det navnet. Eg har blitt litt tvisynt på å kalle ho "setesdalsfele". Noen vil heller kalle ho "bastardfele". Det kan ein vel au.