Salve Håkedal, felespikker
Heim
Hardingfele
Hardanger d'amore
Tenor
Priser
-Gamle makere-
Tips/Triks
Kontakt
Gamle feler av andre makere
Eg har laga noen kopier av gamle feler. Ein del av prosessen har vore
å ta bilder av felene. Eg er ikkje alltid ein stor fotograf, men noen av bildene
kan vere interessante.
Gunnar M. Røstad 1914
Olav G. Helland 1941
-Torleiv Frøysaa 1920-
Torleiv Frøysaa 1920
Rundt 1990 laga eg ein kopi av ei Frøyså-fele frå 1934. I den tida tok eg ikkje
bilder og det var vanskelig å måle tjukkelser. Her er eit nyare bilde av ei
anna Frøyså-fele som er 14 år eldre. Frøyså hadde endra lite på forma, så ho er
nesten kliss lik den eg kopiera. (Bare at denne har fått innsatt ein femte understreng.)
I staden for å ta bilder då, teikna eg av fela så nøye eg kunne, for å ha ei
arbeidsteikning. Om du lager feler sjøl, kan du få eit ark. Her er 2 utsnitt av
teikninga. (Skannaren min tar ikkje heile arket.) Teikninga er i full skala, og
har den yttre forma såvel som rose- og innleggs-mønsteret. Men som nevnt: ikkje
tjukkelser.